English version of this page

Alt om lån

Sjå kven som kan låne og kva lånevilkåra er.

Kven kan låne og kva treng du for å låne?

Lån av dokument krev lånekort ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Studentar og tilsette ved UiO brukar studiekort/tilsettkort som lånekort. Tilsette ved Oslo universitetssjukehus får nasjonalt lånekort.

  • Studentar og tilsette får bibliotektenester relatert til eigne studiar og forsking.
    • Som tilsett må du aktivere kortet i skranken på eit av biblioteka våre før du kan låne eller bestille i Oria.
  • Eksterne brukarar
    • må vera busett i Noreg og kan nytte tilboda i biblioteka og få hjelp til sjølvhjelp og enkel rettleiing.
    • kan ikkje låne frå Utstyrsbiblioteket.
  • Lånekortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre.
  • Lånar er ansvarleg for at adresse, telefon og e-postadresser til kvar tid er korrekte. Studentar må endre opplysningane sine i Studentweb.
  • Tap av lånekort skal du raskast råd melde til biblioteket.
  • Finn ditt lånekortnummer

Lån og lånetid

  • Lån blir automatisk fornya dersom det ikkje er venteliste.
    • For studentar og eksterne lånarar kan dette gjerast i inntil 1år, for tilsette inga avgrensing.
  • Lånetid:
    • To veker er vanlig lånetid.
    • Ei veke for Utstyrsbiblioteket. Utstyret må leveres i HumSam-biblioteket.
    • Dagslån skal returnerast samme dagen, og kan ikkje fornyast. Spesielle samlingar kan òg vera forbeholdt våre studentar og tilsette.
  • Referanselitteratur, spesielle samlingar og tidsskrift lånast som regel ikkje ut.
  • Spesielt verdifulle dokument og dokument utgjevne før 1850 er berre til bruk i biblioteket.
  • Studentar og eksterne brukarar kan låne inntil 50 bøker samtidig.
  • Lån frå andre bibliotek blir tilbode åt studentar og tilsette ved UiO og Oslo universitetssykehus. Vi låner berre inn litteratur til bruk i studie og forsking ved UiO.
    • Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og eventuell fornying av lån. Du må vende deg til biblioteket som har skaffa deg lånet.
    • Dokument som UB har i eigne samlingar blir til vanleg ikkje lånt inn.
    • Bøker du har lånt direkte frå andre bibliotek må leveres der du har lånt dei.
  • Vi gir lån åt andre bibliotek i og utanfor Norge.
    • Vi oppmodar tilsette ved andre bibliotek å bestille og fornye lån i Oria.
  • Vidarelån er ikkje tillate.

Fornye lån

  • Lån fra UBs samlinger blir automatisk fornya dersom det ikkje er venteliste, for studentar og eksterne lånarar i inntil eitt år, for tilsette inga avgrensing.
  • Du kan sjølv fornye lån frå UBs samlingar, innlånte bøker via Oria (krever pålogging).
  • Lån som har venteliste kan du ikkje fornye.
  • Du kan ikkje fornye eller reservere lån frå Utstyrsbiblioteket.

Kva skjer når lånetida har gått ut?

Vi sender deg ei påminning to dagar før lånet må leverast. Du vil også få beskjed på forfallsdato.

Om du ikkje leverer lånet, skjer følgjande:

  • 7 dagar etter forfallsdato får du eit siste varsel. Lånekontoen din blir sperra, og du får ikkje låne andre bøker.
  • 14 dagar etter forfallsdato får du eit erstatningskrav på minst kr. 1000 per lån. Då kan du anten levere lånet eller betale erstatningskravet.
  • Kort tid etter dette vert det oppretta ein faktura. Denne må betalast og du kan ikkje lenger gjere opp på anna måte. Om du ikkje betalar fakturaen, går saka vidare til inkasso. Faktura kan ikkje krediterast, sjølv om boka blir levert.

Om du har uteståande krav får du ikkje låne bøker. Merk og at du ikkje kan levere erstatningseksemplar lenger. Har du spørsmål om erstatningskrav, kan du ta kontakt med oss på erstatninger@ub.uio.no.

Dagslån

Om du ikkje leverer lånet, skjer følgjande:

  • Dagen etter forfallsdato får du eit varsel. Lånekontoen din blir sperra, og du får ikkje låne andre bøker.
  • 4 dagar etter forfallsdato får du eit erstatningskrav på minst kr. 1000 per lån. Då kan du anten levere lånet eller betale erstatningskravet.
  • Kort tid etter dette vert det oppretta ein faktura. Denne må betalast og du kan ikkje lenger gjere opp på anna måte. Om du ikkje betalar fakturaen, går saka vidare til inkasso. Faktura kan ikkje krediterast, sjølv om boka blir levert.

Om du har uteståande krav får du ikkje låne bøker. Merk og at du ikkje kan levere erstatningseksemplar lenger. Har du spørsmål om erstatningskrav, kan du ta kontakt med oss på erstatninger@ub.uio.no.

Utstyrsbiblioteket

  • Utstyr blir purra når lånet forfell.
  • Du kan ikkje låne eller fornye noe annet før gjenstanden er returnert.

Mista eller øydelagt

  • Lånaren er personleg ansvarleg for at dokumentet blir levert attende i samme stand som da det vart lånt.
  • Tap eller øydelegging medfører erstatningskrav, erstatningsbeløpet er 1000 kr.

Brot på lånereglane kan medføre tap av lånerett ved Universitetsbiblioteket i Oslo.

Vedteke av bibliotekdirektøren.

Publisert 3. des. 2024 12:16 - Sist endret 2. juli 2026 14:52