English version of this page

Alt om lån

Sjå kven som kan låne og kva lånevilkåra er.

Kven kan låne og kva treng du for å låne?

Lån av dokument krev lånekort ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Studentar og tilsette ved UiO brukar studiekort/tilsettkort som lånekort. Tilsette ved Oslo Universitetssjukehus får nasjonalt lånekort. 

  • Studentar og tilsette får bibliotektenester relatert til eigne studiar og forsking. 
    • Som tilsett må du aktivere kortet i skranken på eit av biblioteka våre før du kan låne eller bestille i Oria.
  • Eksterne brukarar
    • må vera busett i Norge og kan nytte tilboda i biblioteka og få hjelp til sjølvhjelp og enkel vegleiing. 
  • Lånekortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre.
  • Lånar er ansvarleg for at adresse, telefon og e-postadresser til kvar tid er korrekte. Studentar må endre opplysningane sine i Studentweb.
  • Tap av lånekort skal du raskast råd melde til biblioteket.
  • Finn ditt lånekortnummer

Lån og lånetid

  • Lån blir automatisk fornya dersom det ikkje er venteliste.
    • For studentar og eksterne lånarar kan dette gjerast i inntil 1år, for tilsette inga avgrensing. 
  • Lånetid:
    • Fire veker er vanlig lånetid.
    • To veker er lånetid for pensum og anbefalt litteratur.
    • Dagslån skal returnerast samme dagen, og kan ikkje fornyast. Spesielle samlingar kan òg vera forbeholdt våre studentar og tilsette.
  • Referanselitteratur, spesielle samlingar og tidsskrift lånast som regel ikkje ut.
  • Spesielt verdifulle dokument og dokument utgjevne før 1850 er berre til bruk i biblioteket. 
  • Studentar og eksterne brukarar kan låne inntil 50 bøker samtidig.  
  • Lån frå andre bibliotek blir tilbode åt studentar og tilsette ved UiO og Oslo universitetssykehus. Vi låner berre inn litteratur til bruk i studie og forsking ved UiO. 
    • Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og eventuell fornying av lån. Du må vende deg til biblioteket som har skaffa deg lånet.
    • Dokument som UB har i eigne samlingar blir til vanleg ikkje lånt inn. 
  • Vi gir lån åt andre bibliotek i og utanfor Norge. 
    • Vi oppmodar tilsette ved andre bibliotek å bestille og fornye lån i Oria.
  • Vidarelån er ikkje tillate.

Fornye lån

  • Lån fra UBs samlinger blir automatisk fornya dersom det ikkje er venteliste, for studentar og eksterne lånarar i inntil eitt år, for tilsette inga avgrensing. 
  • Du kan sjølv fornye lån frå UBs samlingar, innlånte bøker fra Norge og Norden via Oria (krever pålogging).
  • Lån som har venteliste kan du ikkje fornye. 
  • Gjeld det lån frå utlandet utanfor Norden, kontakt ditt bibliotek.

Kva skjer når lånetida har gått ut? 

  • Du får ei påminning samme dagen lånet forfell.
  • 7 dagar etter forfall får du ei påminning på e-post, med varsling om forfalne lån og melding om at det er siste varsling før erstatningskrav og at du midlertidig mister høvet til å låne andre dokument. 
  • 14 dagar etter forfall får du enda ein e-post: Erstatningskrav kr 750. Studentar og eksterne brukarar får òg eit gebyr på 250 kr pr. dokument, dette må betalast sjølv om bøkene blir levert. 
  • Du må levere dokumentet og betala eventuelt gebyr og erstatning før du kan låne andre dokument. 

Dagslån

  • Du får ei påminning dagen etter at lånet forfell.   
  • Etter 4 dagar får du ei ny påminning: E-post med melding om at du midlertidig mister moglegheita til å låne andre dokument, og i tillegg får du eit erstatningskrav. Studentar og eksterne brukarar får òg eit gebyr på 250 kr pr. dokument, dette må betalast sjølv om bøkene blir levert. 

Har du ubetalte gebyr, 200 kr eller meir, får du ikkje lov til å låne eller fornye før gebyra er betalte.  

 

Mista eller øydelagt

  • Lånaren er personleg ansvarleg for at dokumentet blir levert attende i samme stand som da det vart lånt. 
  • Tap eller øydelegging medfører erstatningskrav, erstatningsbeløpet er 750 kr. I tillegg kjem eit gebyr for studentar og eksterne lånarar på 250 kr. pr. dokument.
  • Viss dokumentet returnerast etter utsendt erstatningskrav, må gebyret likevel betalast.
  • Erstatningskravet blir fråfalle dersom lånaren kjøper eit tilsvarande eksemplar av tapt bok til UiOs bibliotek. For innlånte bøker må det avklarast om eigarbiblioteket godtek erstatningseksemplar.  

Brot på lånereglane kan medføre tap av lånerett ved Universitetsbiblioteket i Oslo. 

Vedteke av bibliotekdirektøren. 

Publisert 9. juni 2016 10:23 - Sist endret 31. aug. 2021 08:52