Finne referansar

Zotero gjer det enkelt å lagre referansar.

NB: Før du starter må du installere Zotero. Sørg for å installere anten versjonen for Firefox eller skrivebordsversjonen og eit nettlesartillegg. Du bør også opprette ein brukar1.

Zotero for Firefox:

Før du starter koblar du brukaren din til biblioteket ditt. I Firefoxversjonen gjer du det ved å trykke på Zotero-ikonet, så på tannhjulet, velje preferences... og så skrive inn brukarnamn og passord.

Når du bruker Firefox vil det liggje ein "Z" i menyen øverst til høgre. Ved siden av denne dukkar det opp eit lite symbol som fortel kva slags materiale du ser på.

Menybaren i Firefox med Zotero-knappen og eit ikon som viser ein artikkel heilt til høgre i biletet
Skjermdump frå Mozilla Firefox (MPL 2.0)

Når du har Zotero installert så kan du anten søke opp ei bok i Oria eller ein artikkel i ein sjølvvald database. Når du er inne på ein artikkel ser du eit artikkelikon ved sidan av Zotero-ikonet. Klikker du på pila ved sidan av ikonet kan du lagre artikkelen du les direkte inn i Zoterobiblioteket ditt.

Dersom du har gjort eit søk i ein database vil du sjå ei mappe ved sidan av Zoterosymbolet. Klikker du på mappa vil du få opp ein meny der du kan lagre fleire artiklar samstundes.

Menybaren i Firefox med Zotero-knappen og eit ikon som viser ei mappe heilt til høgre i biletet
Skjermdump frå Mozilla Firefox (MPL 2.0)

Zotero for andre nettlesarar:

Zotero støtter Chrome, Opera, Safari og Firefox. Når du bruker ein av desse startar du ved å koble programtillegget til kontoen din. I Chrome gjer du det ved å klikke på menyen (dei tre strekane) øvst til høgre og velje More Tools -> extensions. Her kan du både velje å lagre referansane dine til skrivebordsversjonen eller direkte til serveren. Skal du sikre biblioteket ditt mot datakræsj bør du synkronisere både skrivebordsbiblioteket og programtillegget mot serveren.

Når du har kobla kontoen din til programtillegget er det berre å søke etter litteratur som vanleg. Når du er inne på ein artikkel dukkar igjen artikkelikonet opp, men i Chrome-versjonen ligg det i sjølve adressefeltet. Det same gjeld mappe-ikonet om du er inne på ei side med mange artiklar. Trykker du på artikkelikonet dukkar det opp ei melding om at referansen er lagra nederst til høgre på skjermen.

1. For å unngå å blande to Zotero-kontoar bør du ikkje lage meir enn ein personleg konto. Det er også lurt å unngå å kople til andre personar sine kontoar til zotero på ei maskin (eller ein brukarkonto) som du sjølv nyttar til Zotero.

Publisert 28. jan. 2016 12:27 - Sist endra 28. jan. 2016 12:32