English version of this page

Levere masteroppgåva til DUO vitenarkiv

Lever i Studentweb

Logg på Studentweb med brukarnamn og passord (Feide) eller ID-porten (MinID osv.).

Ha dette klart før du startar leveringa

  • Nyttar du nettlesaren Internet explorer? Den kan fungere dårleg når du skal levere - bruk ein annan nettlesar.

  • Gjer deg viss på kva brukarnamn og passord du har ved UiO. Veit du det ikkje, sjå korleis du hentar brukarnamn og set nytt passord. Problem? Kontakt Student-IT på fakultetet.

  • Tittel på oppgåva. Tittelen du skriv inn kjem på karakterutskrift, vitnemål og i DUO vitenarkiv.

  • Samandrag, dersom du vil gjere det tilgjengeleg for alle i DUO vitenarkiv.

  • Oppgåva i PDF-format. Sjå korleis du konverterer til PDF. Vedlegg treng ikkje vere i PDF-format.

  • Du kan levere originalfila/-filene, men det er ikkje naudsynt. Med originalfil meiner vi dokumentfila som oppgåva blei skriven i før ho blei konvertert til PDF, til dømes ei Word-fil.

  • Gjer deg viss på kor på datamaskina du har lagra fila/filene du skal levere.

  • Start leveringa i god før tid før fristen. Det kan ta litt tid å skrive inn samandrag og å laste opp fila/filene.

  • Gruppeoppgåve? Alle som har skrive oppgåva saman med nokon andre, må levere oppgåva kvar for seg i Studentweb. Hak av at for at du leverer gruppeoppgåve.

Du kan endre og levere oppgåva på nytt fram til fristen for levering.

NB! Levér også oppgaven til sensur på den måten instituttet/fakultetet krev.

Slik leverer du i Studentweb

Logg på Studentweb

  • Logg på med brukarnamn og passord (Feide) eller ID-porten for å levere.
  • Klikk på Meir i menylinja og vel Oppgåveinnlevering.

Menyvalet vil berre vere synleg om du i det aktuelle semesteret

  • har registrert deg
  • har betalt semesteravgifta
  • er meldt til eksamen i masteroppgåveemnet
  • fortsatt har aktiv studierett på studieprogrammet.

På framsida for masteroppgåveinnlevering får du ei påminning om alt du må ha klart før innleveringa kan gjennomførast. Du klikker på den grøne knappen for start levering når du har alt klart.

1. Fyll ut opplysingar om oppgåva

  • Fyll inn språket oppgåva er skriven på.
  • Hak av dersom du leverer ei gruppeoppgåve.
  • Skriv inn tittel på oppgåva. Han kjem fram på karakterutskrift, vitnemål og i DUO vitenarkiv. Har du teikn i tittelen som det ikkje er råd å skrive i tittelfeltet? Trykk på Space-tasten, fullfør leveringa og kontakt instituttet eller fakultetet.
  • Skriv inn engelsk tittel på oppgåva. Då kjem tittelen fram på engelsk karakterutskrift.
  • Skriv inn samandrag dersom du vil at det skal vere tilgjengeleg i DUO vitenarkiv.
  • Skriv inn stikkord som beskriv oppgåva di. Bruk komma som skiljeteikn, til dømes "inflasjon, økonomisk krise,". Stikkorda vert søkbare i DUO vitenarkiv og på nett, og skal gjere det lettare for alle interesserte å finne oppgåva di.

Klikk på den grøne "Vidare"-knappen

Last opp fil(er)

  • Klikk på knappen "vel fil"
  • Legg til riktig versjon av masteroppgåva di. Du må laste opp oppgåvefila i PDF-format. Du kan berre laste opp ei oppgåvefil.
  • Du kan òg laste opp vedlegg som høyrer til oppgåva, og eventuelt originalfiler (Word, LaTex, Open Office...).
  • Lasta du opp feil fil, kan du slette ho ved å klikke på knappen 'Slett fil'.

Klikk på den grøne "Vidare"-knappen når du er ferdig.

Bestem tilgjengelegheit

Viss du gjer oppgåva tilgjengeleg i DUO vitenarkiv vil oppgåva vere søkbar og tilgjengeleg på internett. Dersom du vel å ikkje gjere oppgåva ope tilgjengeleg, er det berre forfattar, oppgåvetittel og eventuelt samandrag som vert søkbart, men ikkje sjølve masteroppgåva.

Klikk på den grøne "Vidare"-knappen når du er ferdig.

Godkjenn levering

  • Gå gjennom det du har registrert om oppgåva di. Sida viser eit samandrag av opplysningane du har registrert.
  • Er noko feil, klikk på knappen 'Førre' for å komme deg tilbake til sida der du kan korrigere feilen.
  • Når alt er riktig, klikk på knappen 'Fullfør'. Då vert oppgåva og opplysningane du har registrert, sende til DUO vitenarkiv.

Kvittering

  • Du får òg kvittering på e-post.

Det er berre første gong du leverer du får kvittering på e-post. Om du vel rediger levering, og gjer endringar på ei oppgåve du allereie har levert, får du ikkje kvittering på e-post. Om du derimot slettar den første innleveringa og leverer på nytt, får du ny kvittering på e-post.

Som du ser på bilete over, ser du i alle høve ein tekst på kvitteringssida som stadfestar at oppgåva di er levert til DUO vitenarkiv med dato og klokkeslett.

Redigering, endring, sletting fram til frist for innlevering

Når du har levert oppgåva di, kan du gjere endringar og slette leveringa fram til frist for levering. Du finn redigerings- og sletteval ved å velgje Oppgåveinnlevering i menyen som vist over. Skal du levere ein ny versjon av oppgåva, nytt knappen 'Slett levering' og levér på nytt.

Kva er mogleg å endre etter fristen for levering?

Tilgjengelegheit:

Du kan endre valet om at oppgåva skal vere tilgjengeleg for alle, ikkje elektronisk tilgjengeleg osv., men fyrst når oppgåva er blitt søkbar i DUO. Det blir den 98 dagar etter fristen for innlevering. Når du har funne oppgåva di i DUO vitenarkiv kan du sende ein e-post til duo-hjelp@ub.uio.no.

Dersom oppgåva skal vere klausulert grunna teieplikt skal du sende ein epost til duo-hjelp@ub.uio.no omgåande.

Skrivefeil i tittel eller samandrag:

Vi kan rette skrivefeil i tittel og samandrag, men fyrst når oppgåva er blitt søkbar i DUO. Det blir ho 98 dagar etter frist for innlevering. Når du har funne oppgåva di i DUO vitenarkiv kan du sende ein e-post til duo-hjelp@ub.uio.no

Skrivefeil i sjølve oppgåva:

Versjonen i DUO vitenarkiv skal vere lik den sensurerte versjonen. Det betyr at vi ikkje kan bytte ut fila som du leverte inn med ei anna. Om du har skrivefeil eller andre feil i oppgåva, kan vi legge til ei errataliste der det opplysast om feil og kva det eigentleg skal stå. Ei kort errataliste kan leggast til i samandragsfeltet, ei lengre errataliste kan leggast til som ekstra fil. Ei slik liste kan fyrst leggast til når oppgåva har blitt søkbar i DUO. Det blir den 98 dagar etter fristen for levering. Når du har funne oppgåva di i DUO vitenarkiv kan du sende ein e-post til duo-hjelp@ub.uio.no

Emneord: masteroppgave, innlevering
Publisert 25. apr. 2016 16:12 - Sist endra 2. mai 2023 13:15