Starte nytt tidsskrift
Kva tilbyr UB?
UB er ansvarleg for FRITT-tenesta og tilbyr støtte til brukarane av tenesta. Her er ein oversikt over kva ein kan forvente:
- Tilgang til å bruke FRITT-plattforma, eit publiseringsverktøy som i tillegg til publisering òg inkluderer administrative verktøy til bruk i prosessar rundt fagfellevurdering, redigering mm.
- Hjelp og rådgjeving i samband med etablering av eit nytt tidsskrift eller overføring av eit allereie eksisterande tidsskrift til tenesta
- Brukarstøtte og hjelp til løysing av tekniske problem
- Hjelp til å betre tidsskriftets innflytelse/gjennomslag. Indeksering, registrering i online katalogar mm.
- UB dekkjer òg utgifter til permanente identifikatorar (URIar). For tida er det DOI systemet som er i bruk.
Tidsskrifta vert forventa sjølv å handtera dagleg administrasjon samt redaksjonelle prosesser. Teknisk drift av servere vert gjort av USIT.
Kriterium for bruk av FRITT-tenesten
- Tidsskriftet skal ha rutinar for fagfellevurdering og skal tilfredsstille krav til eit nivå 1-tidsskrift.
- Tidsskriftet skal vere ope tilgjengeleg (Open Access):
- Tidsskriftet skal ikkje ha økonomiske sperrer for lesing eller publisering.
- Tidsskriftet skal ikkje ha sperrer i form av brukarnamn/passord eller basert på IP-adresse.
- Tidsskriftet må lisensiere publiserte artiklar med ein Creative Commons lisens, og dette må kome tydeleg fram på heimesida.
- Forfattar som publiserer i tidsskriftet beheld opphavsrett til sin artikkel, men gjev tidsskriftet rett til å vere fyrste utgivar.
- Når artikkelen er publisert står forfattaren fritt til å leggje den publiserte versjonen av artikkelen på si eiga nettside, i vitenarkiv eller i emnebasert arkiv utan å måtte spørje tidsskriftet om dette, so sant tidsskriftet vert kreditert som utgivar.
- Tidsskriftet skal ha tilknyting til Universitetet i Oslo. Til dømes ved at redaktør, redaksjonsmedlemmar eller tidsskriftet sitt administrative personale er tilsett ved institusjonen. Det er forståing for at tidsskriftet i periodar kan mangle tilknyting til UiO, til dømes ved rullerande redaktøransvar eller liknande. Ved vedvarande mangel på tilknyting, ynskjer FRITT-administrasjonen ein dialog om FRITT er den beste staden for tidsskriftet å vere.
- Tidsskriftet må ha ein realistisk publiseringspolitikk, og årleg gje ut minimum seks artiklar eller fagfellevurderte bidrag i andre former.
- Tidsskriftet skal jobbe mot å bli indeksert i Directory of Open Access Journals (DOAJ). Sjå DOAJ sine kriterium for meir informasjon.
- DIFI sine krav til universell utforming skal følgjast. Sjå FRITT si nettside om universell utforming for meir informasjon.
- Tidsskriftet kan finansierast gjennom blant anna støtte frå institutt, støtte frå foreiningar, organisasjonar og stiftingar, gåver, støtte frå NÅHST-ordninga og liknande.
- Tidsskriftet skal bruke DOI på sine publikasjonar. Universitetsbiblioteket dekkjer DOI-kostnadar.
- Redaktøren/Redaktørane er ansvarleg(e) for alt innhald i tidsskriftet. Redaktøransvaret inkluderer òg ansvar for fagfellevurdering, korrekturlesing, og så vidare.
- Om retningslinjene ikkje følgjast, kan Universitetsbiblioteket fjerne tidsskriftet frå FRITT.
- Ved endringar i retningslinjene skal Universitetsbiblioteket varsle redaksjonane.
Tilfredsstiller ditt planlagte tidsskrift desse kriteriane? Ta i så fall kontakt med FRITT-teamet som hjelper deg vidare.
Støtte til FRITT-brukarar
Dette er ressursar for redaktørar, redaksjonssekretærar og andre som har ansvar for eit FRITT-tidsskrift.
- Open Access policies
- Digital Object Identifier (DOI) rettleiing
- Directory of Open Access Journals (DOAJ)
Finn Open Access-tidsskrift