Strategiutvikling og skriveoppdrag

Strategiarbeidet ved UB går no vidare med ni skriveoppdrag, som skal gje eit viktig kunnnskapsgrunnlag for sjølve strategien.

UBs ansatte skriv på flip-over. Foto: UB/Birgit Hvoslef Dahl

Foto: UB/Birgit Hvoslef Dahl

Mange på UB deltok i gigamapping i desember og på frukostmøte i januar, og på grunnlag av innspel her og seinare, og etterfylgjande oppsummering, er det no utforma ni skriveoppdrag. Formålet med å bruke skriveoppdrag i strategiprosessen er å få belyst viktige temaområde, og bruke dette kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet med å skrive sjølve strategien.
Kjernegruppa (Hanne Graver Møvig, Håvard Kolle Riis, Eystein Gullbekk og Randi Halveg Iversby) og dei tre faneansvarlege prosessleiarane (Live Rasmussen, Therese Skagen og Håvard Kolle Riis) har gitt denne bestillinga til gruppene som skal levere skriveoppdraga:

  • Kva gjeld saka?
  • Kva vil ein kunne oppnå for universitetet, ulike fagmiljø og brukarar?
  • Kva er ambisjonane?
  • Kva ressursar trengst for å realisere saka?
  • Kva for hindringar kan stå i vegen?
  • Kva for kompetansar må utviklast?

Skriveoppdrag: Formidling
(faneansvarleg Live Rasmussen)

  • Hovudoppdrag - UB sin identitet
    Skriveoppdraget skal beskrive UB sin kjernekompetanse og biblioteket sitt bidrag til ulike delar av UiO sine hovudoppgåver (forsking, utdanning, innovasjon og formidling).
    Skrivegruppeleiar: Karoline Moe
  • Tilhørighet
    Skriveoppdraget skal sjå på korleis UB sine lokale og UB sine tilsette kan brukast meir aktivt til å skape tilhørighet for studentar til eit studiemiljø, det akademiske fellesskapet og til UiO som organisasjon og stad.
    Skrivegruppeleiar: Shelly Villanger
  • Formidling og arrangement
    Skriveoppdraget skal vurdere korleis UB si faglege og profesjonelle breidde kan utnyttast i formidlingsarbeid og arrangement.
    Skrivegruppeleiar: Runhild Seim

Skriveoppdrag: Open forsking
(faneansvarleg Håvard Kolle Riis)

  • Digitale og fysiske tiltak for forsking, og kompetansebehov i møte med open forsking
    Skriveoppdraget skal klargjere korleis samanhengen melllom digitale og fysiske tiltak for forsking kan utviklast i framtida sitt bibliotek, samt greie ut kva for kompetanse UB bør utvikle eller har behov for i møte med digitale og opne forskingsprosessar.
    Skrivegruppeleiar: Elin Stangeland
  • Open tilgang og publisering - finansieringsmodellar
    Skriveoppdraget skal greie ut ulike finansieringsmodellar for open tilgang og publisering, samt korleis ei endring frå ein abonnementsbasert til ein publiseringsbasert modell vil påvirke UB sine arbeidsprosessar og UB sin rolle.
    Skrivegruppeleiar: Karin Ytterlid
  • Relevans for brukarane - samlingar og metadata
    Skriveoppdraget skal sjå på samlingar og metadata i lys av open forsking, digitalisering og ny teknologi (til dømes kunstig intelligens og stordata).
    Skrivegruppeleiar: Unni Knutsen

Skriveoppdrag: Informasjon, teknologi og læring (faneansvarleg Therese Skagen)

  • Forskings- og utviklingsarbeid ved Universitetsbiblioteket i Oslo
    Skriveoppdraget skal klargjere korleis forskings- og utviklingsarbeid bør handterast i ein ny strategi for UB, medrekna korleis ulike faglege bidrag og fagkunnskap på tvers kan utvikle framtida sitt bibliotek.
    Skrivegruppeleiar: Andrea Gasparini
  • Digitale og fysiske tiltak for læring og undervisning
    Skriveoppdraget skal klargjere korleis samanhengen mellom digitale og fysiske tiltak for læring og undervisning kan utviklast i framtida sitt bibliotek.
    Skrivegruppeleiar: Johan Jørgensen
  • Brukarmøtet
    Skriveoppdraget skal gje ei heilskapleg beskriving av både fysiske og digitale møteflater med og på UB, betydningen av desse og på kva måte brukarar kan vere med på å forme framtida sine bibliotektenester.
    Skrivegruppeleiar: Anne-Gry Skonnord

Seminar for alle i juni

Etter at gruppene har levert frå seg sine skriveoppdrag, vil vi arrangere tre innspelseminar i juni. Der blir resultata frå skriveoppdraga presentert, og alle på UB får anledning til å komme med innspel og tilbakemeldingar. Vidare tidsplan er at oppsummering og revidert versjon av skriveoppdraga skal leverast prosessleiarane og kjernegruppa innan 21. juni.

Vi ser fram til resultata frå skriveoppdraga. Det er mange frå ulike delar av den mangfaldige organisasjonen vår som vil delta i arbeidet med skriveoppdraga, og det trur vi vil gje oss eit godt og breitt kunnskapsgrunnlag for den vidare utforminga av strategien.

Også andre brukargrupper som studentar og tilsette vil kunne påverke strategiprosessen på UB gjennom temamøter og arbeidet med ny strategi ellers på UiO. 

Samleside om Strategi 2030

Emneord: strategi 2030 Av Randi Halveg Iversby
Publisert 28. mars 2019 12:56 - Sist endret 7. jan. 2020 13:30
Illustrasjon

Lederbloggen

I denne bloggen skriver Universitetsbibliotekets ledergruppe om saker av betydning for UB og UiO.

Ledergruppen består av Cecilia Ekström, Hanne Graver Møvig, Randi Halveg Iversby, Eystein Gullbekk, Live Rasmussen, og Håvard Kolle Riis.