English version of this page

Kom i gang med Zotero

Zotero er eit referansehandteringsverktøy som hjelper deg å samle, halde oversikt over og bruke referansane dine. Zotero samhandlar med Word, OpenOffice og LibreOffice, og kan enkelt nyttast med LaTeX.

Installere Zotero

Zotero finst både i nettversjon og skrivebordsversjon. Med skrivebordsversjonen følgjar det med programtillegg for nettleseren din som gjør det enkelt å importere referanser frå nettsidar.

Om du sit på ei Windows-PC frå UiO skal Zotero installerast frå Software Center. Elles kan du laste ned frå Zotero.

Zotero Storage

UiO har Zotero Storage-avtale, så du får uavgrensa lagringsplass for å synkronisere PDF-filer og andre vedlegg om du legg inn UiO-e-postadressa di i Zotero-kontoen din. Om du ynskjer å fortsette å bruke Zotero også etter at du sluttar på UiO, anbefaler vi å leggje inn ei privat e-postadresse som hovedadresse (Primary) og UiO-adressa som sekundær adresse, siden til dømes tilbakestilling av passord kun fungerer med Primary-adressen.

Finne referansar

Med Zotero kan du importere alle referansar du kjem over i nettlesaren din. Ved å trykke på ein knapp ved siden av adressefeltet vert dei importert til biblioteket ditt i Zotero. Knappen lar deg òg importere fleire referansar på ein gong frå resultatlister i Oria og søkemotorar som Google Scholar og Web of Science.

Organisere referansar

Så fort referansane er i Zotero-biblioteket ditt kan du sortere dei i ulike samlingar. Du kan også leggje til notat til referansen eller leggje på emneord. I tillegg kan du lage grupper der du kan dele referansebibliotek med andre.

Bruke referansar

Du kan bruke referansane dine på fleire måtar. Det følgjer med programtillegg for Word, OpenOffice og LibreOffice som gjør det enkelt å bruke Zotero med desse programma. Om du nyttar LaTeX og BibLaTex anbefaler vi tillegget Better BibTeX for Zotero.


Zotero-guide

Vil du ha ein meir utfyllande guide til Zotero? Prøv denne frå Sebastian Karcher og Rintze M. Zelle.

Spørsmål?

Spør Zotero-teamet på biblioteket hvis du lurer på noe.